I over 35 år har me vært stolte av å kunne levere kvalitet til våre kundar i Stavanger og Sandnes. Me fokuserer på å ha open kommunikasjon med våre kundar, og rettleiar gjerne kundar før, under og etter prosjektet.

Maskinentreprenørbedrifta Bråtveit Entreprenør blei starta i 1979 av Johnny Bråtveit. På det tidspunktet vart bedrifta drevet som eit enkeltmannsføretak og utførte oppdrag for lokale bønder i Sandnes og omkringliggande kommunar. I starten utførte også Bråtveit Entreprenør ei rekkje prosjekt for Sandnes Kommune og tidlegare Sandnes Elverk. Bråtveit Entreprenør deltok også i oppbygging av vasskraftverk som ein del av sine første prosjekt. Februar 2017 blei derimot starta på eit nytt kapittel for maskinentreprenør Bråtveit Entreprenør. Føretaket blei då overteke av Johnny Bråtveits son, Jarle som leia bedrifta i ei ny retning.

DSC02449

Vårt samarbeid

Bråtveit Entreprenør er stolte av å ha eit nært samarbeid med Komplett Utemiljø. Komplett Utemiljø opererer som anleggsgartnar og utfører tenester knytt til hagedesign, hageprosjekt og planting for kundar i hele Stavangerregionen samt Haugesund. Som vår partner samarbeider me om prosjekt og kombinerer vår kompetanse for å levere kvalitet til våre kundar.

Vår kompetanse

Som ein del av vår kvalitetsbevisstheit har me ei rekkje kompetansebevis som viser til kunnskap og erfaring innan ei rekkje områder. Våre maskinførare har sjølvsagd maskinførarbevis og fagbrev innan sine respektive felt. Vår formelle kompetanse kombinert med ein variert maskinpark gir oss nødvendig kapasitet til å utføre alt innan gravingdreneringmassetransport m.m.

Bråtveit Entreprenør er også Sentralt Godkjent av Direktoratet for Byggkvalitet. Vår Sentral Godkjenning omfattar både Veg- og grunnarbeid samt Vassforsynings- og avløpsanlegg i tiltaksklasse 1.

Med eit kontinuerleg ønske om vidareutvikling og forbetring har me også gjennomført ei rekkje kurs knytt til arbeid på veg og trafikkdirigering, varmearbeid samt mottatt ADK-sertifisering. ADK-sertifisering inneber opplæring innanfor praktisk utføring av VA-leidningsanlegg. Denne sertifiseringa viser derfor til at me også har kunnskap knytt til legging av hoved- og stikkleidningar for vann og avløp i alle dimensjoner og alle tiltaksklasser.