Bråtveit Entreprenør AS skal vere ein entreprenør du kan stole på. Me har kontinuerleg fokus på openheit, kvalitet og tryggleik i vårt arbeid. Våre kundar skal alltid føle seg sikre på at me tilbyr dei det beste og at sluttresultatet har lang levetid. Trenger du ein påliteleg entreprenør i Stavanger, Sandnes og omland?

DSC02370

Graving

Eit dreneringssystem av høg kvalitet er nødvendig for å leie regnvatn og overvatn vekk frå grunnmur, veg og andre konstruksjonar. Store vassmengder som samlar seg rundt bygg og opp mot grunnmur kan føre til store skadar. Bråtveit Entreprenør AS har over 35 års erfaring med graving og drenering i Stavanger, Sandnes og omland. Me utfører nødvendig graving rundt din eigendom og legger grunnmurspapp og dreneringsrøyr tilpassa ditt behov. Dreneringsrøyr fører vatnet bort frå områder som kan ta skade, mens grunnmurspapp fungerer som beskyttelse for din grunnmur. Eit godt dreneringssystem sørger for at ditt bygg og kjellar heldes tørre og frie for lukt, fukt og mugg. Som vår kunde kan du stole på at vårt arbeid oppfyller forskriftsmessige krav og at sluttresultatet har lang levetid. Bråtveit Entreprenør utfører drenering rundt hus og grunnmur, drenering av veg, samt drenering av parkeringsplass. Dersom du opplever mugg, fukt eller lukt i din kjellar eller andre deler av ditt bygg kan det være teikn på at eit dreneringsproblem. Me kjem gjerne på synfaring til kundar i Stavanger, Sandnes og omkringliggande kommunar. Me utfører inspeksjon og kartlegg din dreneringsbehov.

Send oss din førespurnad